Elizabeth II av Storbritannia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dronning av Storbritannia | 6. februar 1952– |
Føregjengar | Georg VI |
Etterfylgjar | |
Fødd | 21. april 1926 |
Død | |
Gift med | Prins Philip, hertug av Edinburgh |
Barn |
|
Gravlagd | |
' |
Elizabeth Alexandra Mary Windsor (fødd 21. april 1926) er regjerande dronning av Storbritannia og det britiske samveldet.
Ho blei fødd i Mayfair i London i England som eldste dotter av kong Georg VI (1895–1952) og Elizabeth Bowes-Lyon (1900–2002).
Elizabeth vart regjerande dronning etter at far hennar døydde den 6. februar 1952. Same dagen vart ho utropt til dronning av tronfylgjerådet, men ho var då på statsbesøk i Kenya. Kroninga fann stad eitt år seinare, den 2. juni 1953 i Westminster Abbey.
Elizabeth held på tradisjonane i rollen sin som dronning. I formelle samanhengar held ho strengt på etiketten som til dømes seier at ingen må røra den kongelege personen, noko fleire utanlandske statsoverhovud har blitt kritisert for å gjerva av britisk presse. Ho kler seg konservativt, som regel lett kjenneleg i einsfarga kåper og med store hattar.
Dronninga har halde ein juletale for det britiske samveldet kvart år sidan ho blei dronning, bortsett frå 1969. Ho har aldri gjeve intervju til pressa, og held sine private meiningar om politiske saker for seg sjølv. Som dronning har ho opna og sett på mange kulturelle arrangement, men dei private hovudinteressane hennar er fotografi, veddeløpshestar og hundar, særleg rasen Pembroke welsh corgi.
Innhaldsliste |
[endre] Tittel
Dronning Elizabeth II er i personalunion statsoverhovud for Det sameinte kongedømet av Storbritannia og Nord-Irland og desse samveldestatane:
- Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Barbados, Belize, Cook-øyane, Grenada, Jamaica, Canada, New Zealand, Papua Ny-Guinea, Solomonøyane, Samoa, St. Kitts og Nevis, Saint Lucia, St. Vincent og Grenadinane, Tuvalu
Den fulle tittelen som dronning av dei sameinte kongedøma er slik: Elizabeth the Second, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland and of Her other Realms and Territories Queen, Head of the Commonwealth, Defender of the Faith. (På norsk: Elisabeth den andre, med Guds nåde, dronning av Storbritannia og Nord-Irland og hennar andre område. Overhovud for Samveldet, forsvarar av trua.) Som statsoverhovud for kvart enkelt samveldeland har ho ein eigen tittel.
Nemninga til dronninga som den andre har skapa misnøgd i Skottland. Elisabeth I hadde nemleg ikkje herska over dette landet, og skottane meinte det var feil å plutseleg skulle få ei Elizabeth II. Fleire nye postkassar med dei kongelege bokstavana E.R. II blei sprengde i protest, og i dag har skotske postkassar bare ei krone som symbol.
Sjølv om det same problemet kunne seiast å gjelda for dei tidlegare kongane William IV og Edvard VII, var det ingen som sa noko imot deira ordenstal. Elizabeth-opprøret var truleg eit teikn på aukande skotsk nasjonalisme. Postkassesprengingane var dei mest valdelege aksjonane skotske nasjonalistar har utført i nyare tid.
[endre] Familie
Elizabeth II er den siste britiske monarken av slekta Sachsen-Coburg-Gotha, som kom til makta då dronning Victoria av fyrstehuset Hannover døydde i 1901. I 1917 vart namnet på den britiske kongefamilien endra til fyrstehuset Windsor (House of Windsor). Ho er gift med prins Philip av Hellas. Han tilhøyrer fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg. Det danske og norske kongehuset tilhøyrer det same fyrstehuset. Sønene av prins Philip er med i det same fyrstehuset som han.
[endre] Syster
- Margaret Rose (21. august 1930–9. februar 2002
[endre] Ektemake
- Prins Philip, hertug av Edinburgh, f. 10. juni 1921, giftarmål den 20. november 1947
[endre] Born
- Charles Philip Arthur Louis George (f. 14. november 1948), Prins av Wales, gift (29. juli 1981) og skild (28. august 1996) med Lady Diana Frances Spencer (1961-1997). Gift 9. april 2005 gift med Camilla Parker Bowles, no Hertuginne Camilla av Cornwall.
- Anne Elizabeth Alice Louise (f. 15. august 1950), Princess Royal, gift (14. november 1973) og skild (28. april 1992) med kaptein Mark Anthony Peter Phillips; sidan 12. desember 1992 gift med kommandør Timothy Laurence
- Andrew Albert Christian Edvard (f. 19. februar 1960), hertug av York, gift 23. Juli 1986) og skild (30. Mai 1996) med Sarah Margaret Ferguson (f. 1959)
- Edvard Antony Richard Louis (f. 10. mars 1964), jarl av Wessex, gift (19. juni 1999) med Sophie Helen Rhys-Jones (f. 1965)
[endre] Eksterne lenkjer
- www.royal.gov.uk Nettstad
Føregjengar: Georg VI |
Monark i Storbritannia (1952–)
|
Etterfylgjar: Prins Charles av Wales (forventa) |