J.A. Friis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Andreas Friis (2. mai 1821–16. februar 1896)) var ein norsk språkforskar og forfattar.
Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Han utgav mange svært grundige arbeid om samiske språk og mytologi, og folkelivs- og reiseskildringane hans vart svært populære. Det mest kjende skjønnlitterære verket hans kom ut under namnet Fra Finnmarken. Skildringer, i 1881. Seinare kom boka i fleire nye opplag, under namnet Lajla. Romanen vart filma tre gonger.
Den langsiktige verknaden av Friis sitt arbeid var det praktiske språkarbeidet hans. Friis-rettskrivinga for nordsamisk vart brukt i den nordsamiske bibelen, og i tidsskriftet Nuorttanaste, og ho er dermed i bruk i religiøs samanheng den dag i dag, trass i at det har komme tre ulike rettskrivingar etter Friis si rettskriving.
Ordboka til Friis var viktig då ho kom, men ho har seinare komme i skuggen av Konrad Nielsen si store ordbok.
J.A. Friis døydde i Kristiania.
Innhaldsliste |
[endre] Bibliografi
- Friis, J.A. 1856: Lappisk Grammatik : udarbeidet efter den finmarkiske Hoveddialekt eller Sproget, saaledes som det almindeligst tales i norsk Finmarken . Christiania: Cappelen.
- Friis, J.A. 1871: Lappisk mythologi, eventyr og folkesagn. Christiania: Cammermeyer.
- Friis: Etnografisk kart over Finnmarken (1861)
- Friis, J.A. 1887: Ordbog over det lappiske sprog : med latinsk og norsk forklaring : samt en oversigt over sprogets grammatik. Christiania : I kommission hos Jacob Dybwad.
- Friis, J.A. 1881: Lajla
[endre] Litteratur om Friis
- Lindkjølen, Hans: J. A. Friis og samene, 1983 ISBN 82-7122-000-4
- Hansen, Lars Ivar: Friis' etnografiske kart i Ottar Tidsskrift fra Tromsø Museum 3/1998
[endre] Eksterne lenkjer
- Friis Etnografiske kart over nordlige Nord-Norge Frå dokumentasjonsprosjektet
[endre] Sjå også
![]() |
Denne artikkelen med samisk tema er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samiske spirer. |