Jaroslav Seifert
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaroslav Seifert ( Høyr (filinfo)) (fødd 23. september 1901 i Praha (då Prag i Austerrike), død 10. januar 1986 i Praha) var ein tsjekkisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur for 1984.
Seifert byrja å skrive på 1920-talet. Under andre verdskrig, då Bøhmen-Mähren var tysk protektorat, skreiv han om patriotiske tema. Etter kommunistane sitt kupp i 1948 kritiserte han det kommunistiske regimet. Han underteikna Charta 77 og vart deretter ikkje trykt i Tsjekkoslovakia mellom 1977 og 1979. I 1984 fekk han Nobelprisen i litteratur.