Jenisej
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jenisej (russisk Енисей) er ei elv i Sibir i Russland. Elva er ei av verdas største. Frå havet til staden der store og vesle Jenisej renn saman er elveløpet 3487 km langt. Frå kjelda til store Jenisej til havet 4092 km, frå kjelda til vesle Jenisej til havet 4102 km, og frå kjelda til elva Selengi, som renn ut i Jenisej, 5075 km. Nedslagsfeltet til Jenisej er 2 580 000 km² stort. Vatnet frå Bajkalsjøen renn òg ut i Jenisej.
Byar langs Jenisej omfattar Abakan, Kyzyl, Krasnojarsk og Jenisejsk.