Jonas Øglænd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Øglænd A/A, på Sandnes, var gjennom heile 1900-talet den leiande sykkel-, motorsykkel- og moped-produsent i Noreg. Øglænd er ,ellom anna kjent kjendt for sykkelmerket DBS og motorsykkel- og moped-merket Tempo.
Firmaet vart stifta i 1868 som ein «assortert «landhandel». På 1890-tallet starta dei med import av sykkeldelar, som vart nytta både for linsensproduksjon av tyske og amerikanske merkje og for produksjon av eigne merkjer. I 1906 bygde dei sin eigen fabrikk og i 1932 vart varemerket DBS - den beste sykkel, registrert.
Jonas Øglænd starta motorsykkelproduksjon sist på 30-talet, noko dei heldt fram med i etterkrigstida. Dei selde både motorsyklar og mopedar under varemerket Tempo. Motorane kjøpte dei frå Fichtel & Sachs i Tyskland.
I 1989 vart firmaet kjøpt av Varner-gruppa, som selgde sykkeldelen av firmaet til den svenske sykkelselprodusenten Monark, ein del av Cycleurope-konsernet. Sykkelproduksjonen i Sandnes er no nedlagt.