Sandnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1102 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Sandnes |
Flatevidd: | 302 km² |
Folketal: | 58 947 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.sandnes.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Jostein W. Rovik (H) 2003-2007 |
Sandnes er ein by og ein kommune på Nord-Jæren i Rogaland fylke.
Sandnes kommune er med 60.100 innbyggjarar den niande største kommunen i Noreg, og den åttande største byen. Kommunen har ei flatevidd på til saman 302,9 km².
Gjennom dei siste tjue åra har innbyggjartalet årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9%. I seinare tid utgjer dette 800 personar kvart år. Sandnes er den byen i landet som veks mest. Truleg vil veksten halda fram på same vis dei komande åra.
Jostein W. Rovik frå Høgre har vore ordførar sidan 1. januar 1994. Pål Morten Borgli frå Framstegspartiet har vore varaordførar sidan hausten 2003.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Sandnes si historie kan sporast attende heile 6-7.000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.
Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.
Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.
[endre] Sandnesgauken
I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leikety til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.
Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan bli kalla sandnesbu eller sandnesgauk.
[endre] Kjøpesenterkommune
I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Forus mellom Sandnes og Stavanger. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.
[endre] Kjende sandnesgaukar
- Bjørn Maaseide - sandvolleyballspelar
- Torkel Ravndal - vektløftar
- Eli Oftedal Sømme - kunstnar
- Bjørg Tørresdal - politikar
- Jørgen Langhelle - [skodespelar]
|