Kari Aalvik Grimsbø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Aalvik Grimsbø (f. 4. januar 1985) er ein norsk handballspelar oppvakse i Skaun. Ho er målvakt på Byåsen og det norske landslaget.
Den første landslagskampen sin spelte ho i september 2005. I november 2006 vart ho teke ut til senior-EM i Sverige. Ho har òg vore med i junior-EM og -VM.
Før ho kom til Byåsen spelte ho for Skaun (tidlegare kalt Børsa/Skaun), Buvik og Orkdal.