Katerini
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katerini (Κατερίνη) er ein by i det nordlege Hellas. Han ligg på den pierianske sletta, mellom Pierus-fjellet og Thermaikos-golfen, på 14–45 meters høgd. I 2001 budde det 56 576 menneske i Katerini. Nærleiken til Thessaloniki, den nest styrste byen i Hellas, har vore eit gode for byutviklinga dei siste åra.
Katerini ligg seks kilometer frå sjøen, og er eit populært turistmål. Strendene Korinos, Paralia og Olympia Akti er mykje bruka sumarstid. Fleire arkeologiske funn, som den antikke byen Dion og det venetianske slottet Platamon, finst i området.
Bynamnet har sine røter i Katerina av Aleksandria (Agia Aikaterini), ein greskortodoks martyr, som levde i det fjerde århundret. Katerini vart frigjord frå ottomanarane 16. oktober 1912. Den tyske hæren tok byen 14. april 1941 og trekte seg ut tre år seinare.