Hellas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: gresk: Eleftheria i thanatos (Fridom eller død) |
|||||
Offisielle språk | Gresk | ||||
Hovudstad | Athen | ||||
Styresett |
Republikk Karolos Papoulias Kostas Karamanlis |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
131 940 km² (96.) 0,86 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
10 668 354 (75.) — 81/km² (86.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Det osmanske riket 25. mars 1821 1829 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
236,311 mrd. USD (37.) 21 529 USD (33.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Imnos pros tin Eleftherian | ||||
Nasjonaldag | 25. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +30 | ||||
Nasjonale toppdomene | .gr | ||||
Republikken Hellas er eit land søraust i Europa. Landet grensar til Albania, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Bulgaria og Tyrkia.
[endre] Historie
Utdjupande artiklar: Gresk historie og Antikkens Hellas
I den greske bronsealderen vaks det fram sivilisasjonar kring Egearhavet. Frå 3600 f.Kr. til 1000 f.Kr., var det rike kulturar knytt til det minoiske Kreta og det mykenske Peloponnes. Kring 800 f.Kr. oppstod det fleire bystatar. Polisane grunnla fleire koloniar kringom Middelhavet. Dei stod imot fleire persiske invasjonsforsøk og la grunnlaget for den Hellenistike sivilisasjonen. Aleksander den store spreia hellenismen over store delar av den då kjende verda.
Romarriket erobra Hellas i 168 f.Kr. Gresk kultur hadde då lenge hatt innflyting på Romarriket. Dei austlege delane av det romerske imperiet vart dominert av gresk kultur. Då det romerske riket vart delt i to, hamna Hellas i sentrum for dei austlege delane. Med Konstantinopel som sentrum spreidde Austromarriket gresk kultur. Konstantinopel fall i 1453, og området vart dominert av det osmanske riket.
Hellas var ein del av det osmanske riket heilt til 1820-talet. Grekarane gjorde då opprør og fekk sjølvstende.
Etter andre verdskrig braut det ut ein borgarkrig som vara i to år. I 1967 var det militærkupp. I 1973 avskaffa militærstyret monarkiet. I 1974, etter å ha stått bak eit statskupp på Kypros, braut militærjuntaen saman. Året etter vart Hellas erklært som republikk, med eit demokratisk styresett. Hellas vart medlem av EU i1981.
[endre] Klima
Det er ikkje så enkelt å skildre klimaet i eit land som har 2000 øyer, høge fjelltoppar og luftmassar som kjem frå både subtropiske og polare strøk. Middelhavet styrer likevel det meste av klimaet, og den våtaste tida på året er vinteren. Somrane er så godt som heilt tørre, og størst sjans for regnbyger har ein lengst nord, men sjølv Thessaloniki får berre nokre få våte dagar kvar månad. Temperaturen i låglandet vert ofte svært høg (30-35°C), og nattetemperaturen i Athen går normalt ikkje under 22°C i juli og august. Hellas sine varmaste område er det indre låglandet i Peloponnes og Thessalia. I kystområda vert som regel varmen dempa av ein lett sjøbris, og mange område får ein vedvarande nordleg vind kalla etesian. Som dei fleste andre stader i verda minkar temperaturen med høgda, men i Hellas kanskje meir enn andre stader. På ein varm ettermiddag kan temperaturen faktisk synke med så mykje som 8°C per 1000 m.
Nedbøren tar seg litt opp på hausten, og ein kan få enkelte torebyger. Sjølv midtvinters har ein likevel lengre periodar med sol, kalla "dei lykkelege dagar". Mest nedbør får vestsida av Pindos-- og Peloponnesfjella, ofte i form av snø. På grunn av alle fjellområda og alle øyane har kaldlufta frå nord problem med å trenge langt sør. Det betyr at kystbyane i nord er mykje kaldare enn Athen og dei sørlege områda om vinteren. Kraftig kulde er sjeldan, men eit par gonger om vinteren kan snøbygene gå så langt sør som til Peloponnes, og ein har ofte frost i enkelte dalstrøk. Om våren minkar nedbøren igjen, men i Thessaloniki byrjar den tørre perioden først i juni.
Athen har ein årleg nedbørsnormal på 402 mm, medan Thessaloniki i nord har 470 mm. Athen har derimot berre normalt 27 mm frå juni og ut august.
[endre] Lenkjer ut
- Wikibok: Eldre verdshistorie
(Kapittel 3: Hellas og Romarriket)
Aust-Europa |
Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland | |
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |