Kiberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Kiberg er ein tettstad i Vardø kommune i Finnmark. Staden ligg på nordsida av munningen til Varangerfjorden, nær det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg, Kibergneset, og omlag 10 km frå Vardø by. E75 går gjennom Kiberg.
Kiberg har vore eit viktig fiskevær i fleire hundre år og er det framleis i dag.
Under andre verdskrigen reiste mange frå Kiberg over til Sovjetunionen. 45 av mennene gjekk inn i Den raude arméen, og fleire av dei var på spionoppdrag attende i det nazi-okkuperte Nord-Troms og Finnmark. Ei av oppgåvene var å overvake den tyske skipstrafikken og rapportere attende til Sovjet om det som skjedde. Dette arbeidet førde til at sovjetarane klarte å finne og senke ca 80 tyske lasteskip. Nær halvparten av dei 45 partisanane frå Kiberg vart fanga og drepne av tyskarane. Etter krigen reiste nesten alle dei overlevande attende til Kiberg. I etterkrigstida vart mange av dei misstenkte for å vere spionar for Sovjet og utsett for overvaking, og Kiberg vart kalla «Lille Moskva». Det tok lang tid før Kiberg-partisanane vart heidra for innsatsen sin for Noreg. I 2000 vart Partisanmuseet opna i det tidlegare skuleinternatet i Kiberg.
[endre] Kjelder
- Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2006.
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.
- Norsk krigsleksikon.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |