Klyngjetun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klyngjetun er ei gamal buform der mange gardar sine hus ligg tett saman i ei klyngje utan noko spesifikt mønster for kva bygningar som ligg saman. Jorda og skogen var inndelt i små teigar som var rettvist delt mellom bebuarane. Dette var vanleg eit godt stykke ut på 1900-talet i visse område i Noreg — særleg på delar av Vestlandet. Då folketalet auka kraftig på 1800-talet, vart teigar som alt var små, inndelte i enda mindre teigar for å dekkja behovet til nye generasjonar. Teigane vart til slutt for små og vanskelg tilgjengelege og systemet med teigblanding vart oppheva. Eigedomane vart delte inn meir formålstenleg gjennom offentlege jordskifte.
Ordet tun er same ordet som det engelske ordet town. Klassiske dømer på klyngjetun er Havråtunet og Agatunet.
[endre] Sjå òg
- Firkanttun
- Rekkjetun