Knuskkjuke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skriv uformatert tekst her
Knuskkjuke |
||
|
||
Systematikk | ||
Rike: | Sopp (Fungi) | |
Rekke: | Stilksporesoppar (Basidiomycota) | |
Klasse: | Hymeniesoppar (Basidiomycetes) | |
Orden: | Kjukeordenen (Poriales) | |
Familie: | Kjuker (Coriolaceae) | |
Art: | Knuskkjuke | |
Vitskapleg namn | ||
Fomes fomentarius |
Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som oftast veks på bjørk. Fargen varierar i ulike soner på overflata. Den er oftast mørk grå, men og lysegrå eller heilt mørk, nesten svart.
Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til rotne i stamma til vertstreet. Fruktlekamen syner seg ikkje for treet er nesten daudt.
Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho. Knusk har den eigenskapen at han fengjer svært lett eld. Folk har brukt han i svært lang tid til dette formålet. Eit anna vanleg namn på denne tendsoppen er tønder (med ulik uttale etter dialekt) Knuskkjuka er fleirårig. Det er den unge kjuka, som enno er mjuk som vert brukt til knusk.
Kjukene vert oppdelte. Det lause porelaget vert fjerna. Det mjuke innmaten vert utskoren med kniv. Innmaten vert laga til knusk. Det er noko ulik tradisjon om korleis dette vart gjort. Felles er at han vart oppbløytt i vatn, banka og tørka. Han har og vorte oppbløytt i lut før han har vorte banka og tørka. Denne prosessen vart stundom atteken mange gonger. Soppen kunne og verte lagd i urin før han vart banka. Når knusken er godt tørr, kan han brukast til å kveikje eld. Eit eldstål vert då slegen mot flint. Gneisten ein då får vert oppfanga på knusken der det vert ei glo, som kan nørast til eld. Fleire stader har ein skava opp soppen og laga eit tørt pulver som ein samlar i eit toderhus, der gneisten frå eldstålet vart fanga.
Knusk har og vorte brukt medisinsk. Han dreg lett til seg veske, og har vorte brukt til å legge på sår for å stoppe blødning. Knusken har og hatt verknad på verkesår og byllar, meddi han inneheld polyporensyre, som er betennelsesdempande.
Knusk kan og brukast til å laga hovudplagg av. Han vert då banka til filtaktig flak. Deretter bløytt og tørka i huveform. Dette vert særleg gjort i Romania og i andre land på Balkan.
Knusken si evne til drage til seg væte, vert utnytta av sportsfiskarar som kan nytte han til å tørke fluger som har vorte for vasstunge.
Ismannen Ötsi, som i 1991 vart funnen i Alpane i Italia, hadde og med seg knusk. Han leve omlag 3300 f.kr.
[endre] Bakgrunnsstoff
Bøker
- Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon (Universitetsforlaget 1975)
På nettet
Kategoriar: Sopp | Kjuke