Kokain
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
CAS-nummer 50-36-2 |
ATC-nummer {{{ATC}}} |
Metabolisme | lever |
Halveringstid | 1 time |
Utskiljing | Nyrene/urin |
Administrasjonsform | oral, IV, gjennom lungene, sniffing, gjennom huda, PO |
Kokain (bensoylmetylekgonin) er eit alkaloid som ofte vert misbrukt som narkotika. Kokain vert utvunne av blad frå kokabusken (Erythroxylon cocae), som veks i Sør-Amerika, serleg i Bolivia og Peru. Kokain stimulerer sentralnervesystemet og undertrykkjer kjensle av svolt. Stoffet gjev ei kjensle av lukke og stor energi.
Sjølv om kokain i dag i hovudsak vert misbrukt som rusmiddel, kan det òg i sjeldne tilfelle verta nytta til lokalbedøving ved operasjonar i augo, halsen eller nasa.
Kokain er eit stoff det er sterkt vanedannande, og har ei særs sterk brukarbinding. [1]
Stoffet står på narkotikalista[1] og er soleis forbode i Noreg som i nesten alle andre land.
Namnet kokain kjem frå plantenamnet koka pluss alkaloidsuffikset -in.
Dei oppkvikkande og svoltdempande effektane til kokablada hadde vore kjende i fleire hundre år før forskarane klarte å isolera den aktive substansen i 1859. I rein form er effekten av kokain langt sterkare enn i kokablada. Stoffet vart etter kvart teke i bruk som rusmiddel, og mange store intellektuelle, kunstnarar og musikarar har nytta kokain. Fram til 1929 kunne ein finna spor av kokain i Coca-Cola.[2]
Kokain kan takast på fleire ulike måtar for å fremja energi og ei kjensle av lukke. Det kan setjast med sprøyte, sniffast gjennom nasa, røykjast, takast opp gjennom huda (til dømes i munnen) eller sveljast. Kroppen reagerer med høgare blodtrykk, og omfattande bruk kan føra til hjarteinfarkt.
[endre] Kjelder
«Cocaine» på Wikipedia på engelsk 5. oktober 2006.
«Kokain» på Wikipedia på bokmål 5. oktober 2006.
[endre] Lenkjer ut
- Narkoman.net - Hva er kokain?
- Oppføring i «Fakta om narkotika» hjå Sosial- og helsedirektoratet