Peru
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Libertad y Orden (Spansk: Fridom og orden | |||||
Offisielle språk | Spansk, Quechua og Aymara | ||||
Hovudstad | Lima | ||||
Styresett |
Republikk Alan García Jorge del Castillo |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 285 220 km² (20.) 8,8 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
27 925 628 (39.) — 22/km² (151.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Spania 28. juli 1822 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
164 110 mill. USD (49.) 5 594 USD (98.) |
||||
Valuta | Sol | ||||
Tidssone | UTC -5 | ||||
Nasjonalsong | Somos libres, seámoslo siempre | ||||
Nasjonaldag | 28. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +51 | ||||
Nasjonale toppdomene | .pe | ||||
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Fleire utdøydde sivilisasjonar har halde til i Peru. Over tusen år før Inka-indianarane kom ned til kystlandet, hadde mochicaane og andre sivilisasjonar bygt akveduktar og pyramidar der.
Hovudsetet til inkariket i Peru låg i Cuzco. Landet vart erobra av spanske conquistadorar i 1533. I 1821 vart Peru erklært uavhengig, men dei spanske styrkane vart ikkje overvunne før 1824.
[endre] Geografi
Peru er i dag om lag fem gonger så stort som Storbritannia, men då europearane kom, omfatta det i tillegg heile Bolivia og Ecuador, delar av Brasil og Colombia og mykje av Argentina og Chile.
I inkatida hadde riket dobbelt so lang kyst som no, men landet har framleis over 2 000 km open kystline mot Stillehavet.
Landet er delt på langs av dei høge Andesfjella. Mellom parallelle fjellkjeder ligg dalar med busetnader og høgfjellsplatå 3 000 – 4 000 meter over havet. Det høgaste fjellet i Peru er Huascarán, med 6 768 m.
Frå fjella renn store vassmassar mot aust og sluttar seg til Amazonfloden. Berre nokre få elvar renn vestover mot Stillehavet.
[endre] Største byar
- Lima (7 450 000)
- Arequipa (619 000)
- Trujillo (509 000)
[endre] Klima
Peru er eit tropeland. Frå naturen si side har det store variasjonar i landskapet, med tørr ørken ved kysten, tropisk regnskog i innlandet og snø- og isbredekte Andesfjell imellom. Det er ein umerkeleg overgang mellom den peruanske regnskogen og den brasilianske jungelen.
Det regnar svært sjeldan vest for fjella, og heile kystbeltet er difor ein kjempestor ørken.
År om anna kjem den varme havstraumen El Niño sørover langs Ecuador-kysten og skapar dramatiske forstyrringar i klimaet i heile landet. Dette skjer med ujamne mellomrom, vanlegvis kvart 2. – 8. år, såkalla niño-år. Niño-straumen pressar på sørover og tvingar den nordgåande Humboldtstraumen med kaldt vatn til å dreia mot vest. Det varme vatnet tek livet av millionvis av fisk. Dette skapar ikkje sjeldan hungersnaud blant fiskarane på nordkysten. El Niño bringar òg med seg skybrott som får storflaumar til å koma ned frå fjella på vanlegvis tørre stader og gjera stor skade på kystlandet.
Sør-Amerika |
Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama |