Kondensator
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kondensator er ein elektronisk komponent som lagrar energi i eit elektrisk felt mellom to vanlegvis metalliske «plater» med like stor og ulikt retta ladning. Ein kondensator vert til dømes laga ved å rulle to metallfilmar saman med ein isolator (eit dieletrika) mellom filmane.
Innhaldsliste |
[endre] Fysiske samanhengar
Ein kondensator vil hindre likestraum (DC) å passere gjennom seg sidan dei to tilkoblingspunkta til kondensatoren ikkje har galvanisk kontakt. Soleis kan ein kondensator brukast til å fjerne likestraumskomponenten frå eit signal. Om ein kondensator vert utsett for vekselstraum (AC) med høg frekvens, vil ladninga mellom platene i kondensatoren svinge fram og tilbake slik at det ser ut som om kondensatoren oppfører seg som ei kortslutning. Ved å utnytte desse to eigenskapane kan ein bruke ein kondensator til å forme eit elektrisk signal.
[endre] Kapasitans
Evna til å lagra elektrisitet vert kalla kapasitans. Det er kapasitansen til ein kondensator ein utnyttar i elektroniske kretsar. Denne er gjeven av samanhengen
, der C er kapasitansen i Farad, Q er ladninga mellom platene, V er spenninga (eller potensialforskjellen) mellom platene.
[endre] Lagra energi
Energien i Joule lagra i ein kondensator er gjeven av denne likninga
[endre] Bruksområde
I signalbehandling vert kondensatorar nytta til å filtrere elektriske signal. Kondensatorar er som regel mindre og lettare å lage enn spolar og vil difor ofte vere føretrekt komponent for å lage eit analogt filter. Eit lågpassfilter vil til dømes fjerne høge frekvenskomponentar av eit signal, også kalla glatting. Til dømes koplar ein gjerne ein stor kondensator mellom forsyningsspenning og jord attmed forsterkaren i musikkanlegget (i bilar) for å sikre at ein kan levere konstant effekt til basselement og andre høgtalarar sidan straumtrekket dei står for endrar seg med musikken ein spelar. Når kondensatorar vert nytta på denne måten, kallar ein dei for avkoplingskondensatorar.
[endre] Ulike typar kondensatorar
- Elektrolytt
- Tantalium
- Keramisk
- Polyester
![]() |
Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over elektronikkspirer. |