Korsvikaspillet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korsvikaspillet Håkon Ladejarl og Kark er eit historisk spel som blir framført kvart andre år i Korsvika på Lade i Trondheim. Det første Korsvikaspillet var eit poetisk tablå som vart laga til Lade kirkes 800-årsjubileum i 1989 og tatt opp att to år seinare. I 1995 skreiv Idar Lind nytt manus. Dette blir i 2008 framført for åttande gong. Musikken er komponert av Frode Fjellheim.
Stykket byggjer på historia om Håkon Ladejarl og trælen Tormod Kark (spela av Øyvind Brandtzæg og Trond-Ove Skrødal), slik ho blir framstilt av Snorre Sturlason. I tillegg til historiske personar som Tora på Rimol, Olav Tryggvason og skalden Einar Skåleglam, presenterer stykkjet oss òg for oppdikta personar. Sentral mellom desse er den kristne kjærasten til Kark, Anna (spela av Gunnhild Sundli frå bandet Gåte).
[endre] Ekstern lenke
Heimeside: korsvika.no