Kowhai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kowhai |
||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Sophora teraptera |
||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||
|
||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||
|
Kowhai er eit lite blomeberande tre i ertefamilien. Det kjem frå New Zealand, der det òg er nasjonalblom. Det finst åtte ulike kowhai-artar, med Sophora microphylla som den mest vanlege. Kowhai-tre veks over heile landet, og er ofte å sjå i nyzealandske hagar.
Trea kan bli opptil åtte meter høge. Dei har nokså glatt bark og små blad. Dei store, sterkt gulfarga blomane med form som horn kan ein sjå om våren og tidleg på sommaren. Etter bløminga lager planten belgar som inneheld seks eller fleire frø.
Nokre av kowhai-artane misser blada om hausten, noko som er uvanleg på New Zealand, der dei fleste plantane er eviggrøne.
Det maoriske ordet for gult er kowhai, og kjem frå dei gule blomane.