Kristi himmelfartsdag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristi himmelfartsdag er ein kristen bevegeleg høgtidsdag som vert feira førti dagar etter påske, det vil seie torsdag mellom 6. og 7. søndag i påsketida. Den vert feira til minne om at Jesus Kristus i fylgje Evangeliet etter Lukas skal ha fare opp til himmelen førti dagar etter oppstoda si.
Festen vart truleg innført på 300-talet, da enkelte kristne kyrkjer byrja å feire han som eigen fest. Det fyrste kjende dømet på at denne finst i ein liturgisk kalender er frå byrjinga av 300-tallet, då synoden i Elvira avviste ein skikk med å byrje ein ny fasteperiode etter den førtiande dagen. Grunnen for ei slik faste ser ut til å ha vore at ein ville markere at Kristus var teken vekk frå Jorda. Feiringa vert òg nemnd i preiker av St. Johannes Krysostomos og andre.
I Noreg er Kristi himmelfartsdag ein offentleg høgtidsdag. I nynorsk liturgisk språk har dagen tradisjonelt vore nemnt som helgetorsdag, elles har han ofte berre verte kalla «Kristi himmelfart», eller uformelt «himmelspretten».