Kurdisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurdisk er eit nordvest-iransk språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det vert fyrst og fremst snakka i delar av Iran, Irak, Syria og Tyrkia. Det området der kurdisk er det hovudsaklege språket vert kalla Kurdistan, men ettersom språkområdet er delt mellom ulike land finst det ikkje noko fastlagt kurdisk standardspråk. Nord og vest i Kurdistan vert kurdisk skrive med latinske bokstavar. Sør, aust og sentralt i Kurdistan vert ei modifisert form av arabisk skrift nytta.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |