Kurmanbek Bakijev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurmanbek Salijevitsj Bakijev (kirgisisk Курманбек Салиевич Бакиев), fødd 1. august 1949, er ein kirgisisk politikar og president i Kirgisistan sidan 24. mars 2005.
Bakijev vart fødd i landsbyen Masadan i Zjalal-Abad oblast. I 1972 vart han ferdig utdanna elektroingeniør frå universitetet i Kujbysjev (no Samara). Han arbeidde som ingeniør, overingeniør, og til slutt fabrikkdirektør i Kirgisistan. I 1992 fekk han leiarverv i lokalpolitikken, og var frå 1997 til 2000 provinsguvernør i Tsjuj oblast. Frå desember 2000 til mai 2002 var han statsminister i Kirgisistan, utnevnt av president Askar Akajev. Han gjekk av som statsminister etter at fem menneske hadde blitt skotne og drepne av opprørspolitiet under demonstrasjonar mot president Akajev i byen Aksy. Etter dette var Bakijev i opposisjon til Akajev. Frå 2003 til 2005 sat han som parlamentsmedlem. Ved valet i 2005 kom han ikkje inn i parlamentet. Han var likevel ein av dei fremste opposisjonsleiarane. I mars 2005 vart Akajev nøydd å gå av og reisa i eksil, etter store demonstrasjonar mot regimet, i den såkalla "tulipanrevolusjonen". Bakijev vart fungerande president. Ved presidentvalet 10. juli 2005 allierte han seg med den andre fremste opposisjonsleiaren, Feliks Kulov. Han vart vald med 88 % av røystene. Kulov vart statsminister. I 2006 måtte Bakijev tåla sjølv å få massive demonstrasjonar retta mot seg.
Føregjengar: Askar Akajev |
President i Kirgisistan (2005–)
|
Etterfylgjar: |
Føregjengar: Amangeldy Muralijev |
Statsminister i Kirgisistan |
Etterfylgjar: Nikolaj Tanajev |