KV «Ålesund»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KV Ålesund er eit skip i flåten til Kystvakta. Kystvaktfartøyet KV «Ålesund» vart bygd i 1996 av Myklebust Mekaniske Verksted, og vart sett inn i operativ teneste året etter.
Fartøyet vart som det første sivile fartøyet spesialbygd til kystvaktteneste med langtidsutleige til det norske Sjøforsvaret.
KV «Ålesund» (W-312) opererer i den ytre kystvakta (YKV), og har som ansvarsområde Norsk Økonomisk Sone sør for 65 grader nord. Fartøyet er lagt inn under Kystvaktskvadron Sør, og har si hovudbase på Haakonsvern Orlogstasjon utanfor Bergen.
Fartøyet er chartra frå rederiet Remøy Shipping i Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre. Same rederi har òg kystvaktfartøyet KV «Harstad» på eit 15-års charter med Sjøforsvaret.
[endre] Fakta
- Byggeår: 1996
- Lengd: 63,00m
- Breidde: 11,50m
- Verft: Myklebust Mekaniske Verksted
- Hovudmaskineri: Wärtsilä Wichmann 8V28B, 3600 hk.
- Maksimal fart: 17 knop
- Marsjfart: 14 knop
- Mannskap (militært): 20-25
- Dekksutstyr: Framo Transrec 250 (oilskimmer), oljelense, slepevinsj, ABAS dekkskran, to lettbåter, Bofors kanon.
- Identifikasjon: W312 (militært kallesignal) og LHXC (sivilt kallesignal).
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |