Herøy på Sunnmøre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For kommunen Herøy i Nordland fylke, sjå Herøy på Helgeland.
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1515 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Fosnavåg |
Flatevidd: | 120 km² |
Folketal: | 8 321 (2007) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.heroy.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Arnulf Goksøyr (H) 2003–2007 |
Herøy er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Herøy grensar mot Sande i sørvest, mellom Gursken og Leikong på Gurskøy. Over Rovdefjorden i sør grensar Herøy mot Vanylven og Volda. I aust går grensa mot Ulstein ved Dragsundbrua over til øya Hareidlandet.
Herøy har per 01.01.2005 8388 innbyggjarar. Kommunesenteret Fosnavåg ligg på Bergsøya, og har sidan 2000 hatt bystatus. Herøy er ein øykommune utan direkte fastlandstilknytning, men der bruer knyttar saman alle øyane med busetnad. Øya Runde er kanskje den mest kjende staden i Herøy, både nasjonalt og internasjonalt. Rundefjellet er det sørlegaste fuglefjellet i Norden, det største sør for Røst, og med koloniar av mellom anna lundefugl.
Hurtigruta har Torvik på Leinøya, som ein av dei faste stoppestadane.
Herøy har to lokalaviser. Papiravisa Vestlandsnytt og nettavisa Herøynytt.
I Herøy er det tre kyrkjesokn, ei Luthersk frikyrkje, ei pinsekyrkje og 13 bedehus.
Innhaldsliste |
[endre] Kultur og idrett
Kyrkja har og har hatt ein sterk posisjon i Herøy, noko som har ført til at mykje av kulturlivet har vore knytta opp mot kyrkjene og bedehusa. Spesielt etter andre verdskrigen byrja òg idretten å ta seg opp, og Bergsøy IL vart oppretta i 1944, Moldtustranda IL i 1950 og på 1970-talet Tjørvåg IL. Bortimot 10% av ibuarane i kommunen er medlem i Bergsøy IL.
I 1982 stod Herøy kulturhus ferdig, eit fleirbruksbygg som gjorde det mogleg å samle mykje av kulturaktivitetane under same tak, mellom anna teater, musikk, kino, kunstutstillingar og innendørsidrett. Omlag samstundes var Bergsøy sitt herrelag i fotball på sin førebelse topp i den nest høgste divisjonen. Med Herøyspelet Kongens Ring fekk kommunen sitt eige historiske spel i 1992, og i 2002 opna Jakobsenhuset dørene, ein arena for mindre og kanskje smalare kulturelle aktivitetar.
[endre] Kjende personar frå Herøy
- Lars Ivar Moldskred — fotballspelar i Molde FK
- Svein Møller (1958–1999) — kantor og komponist
- Gerald Pettersen — skodespelar
- Bjarne Rabben (1907– ) — forfattar, lokalpolitikar, målmann, bonde, avhaldsmann og ferdatalar
- Trude Teige — forfattar, reporter i TV2
- Ragnar Thorseth — eventyrar
- Trond Waage — tidlegare barneombod
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- http://www.heroynytt.no/ - Nettavisa Herøynytt
|