Wikipedia:Kva Wikipedia ikkje er
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikipedia er både eit leksikon og eit online-samfunn. For at dette skal fungera, lyt brukarane innsjå at det er somme ting Wikipedia ikkje er.
[endre] Wikipedia er ikkje eit papirleksikon
Vi treng ikkje tenkja på å halda oss innanfor eit på førehand fastsett tal på artiklar, sider eller ord.
[endre] Wikipedia er ikkje ei ordbok
Sjølv om kvar artikkel bør byrja med ein definisjon av tittelen, er Wikipedia korkje ei samling av definisjonar eller ein språkrettleiar for nynorsk. Til dét har me systerprosjektet Wikiordboka.
[endre] Wikipedia er ikkje ein stad for å publisera original forskning
Publiser ikkje dine eigne tankar og analysar i Wikipedia med mindre dei først er publisert ein annan stad.
[endre] Wikipedia er ikkje noka reklametavle
Artiklar skal vera nøytrale. Wikipedia er ikkje staden for å promotéra einskilde produkt, individ eller firma.
[endre] Wikipedia er ikkje eit vevspeil eller ei samling av bilete og peikarar
Når du legg ut ein tekst her, lisensierer du han under GFDL, og du kan ikkje venta at det du har skrive, blir ståande uforandra i lang tid.
[endre] Wikipedia er ikkje gratis lagringsplass for dine private websider
Du kan ikkje bruka Wikipedia til dine eigne nettsider eller dokument. (Men du kan bruka WikiMedia-programvaren til dette viss du installerar han på din eigen webtenar.)
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |