Kyrenia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrenia er ei lang og smal fjellkjede som går om lag 150 km langs nordkysten av Kypros. Fjella består hovudsakleg av kalkstein med noko marmor. Det høgaste fjellet er Kyparissovouno med ei høgd på 1 024 m. Den vestlege delen av fjellkjeda vert kalla Pentadactylosfjella. Det tyrkiske namnet på desse fjella er Beşparmak (fem fingrar, som er den same tydinga som på gresk)
[endre] Historie
Desse fjella er ei rekkje av sedimentære formasjonar frå perm til midten av miocen då dei afrikanske og eurasiatiske kontinentalplatene kolliderte. Sjølv om fjella berre er halvparten så høge som Troodosfjella er Kyrenia svært kupert og stig brått frå Mesaoriasletta, noko som gjev dei ein spektatkulær utsjånad.
Sidan fjella ligg nær sjøen har dei lenge vore ein ynda stad for vakttårn og borger, som verna nordkysten av Kypros. Desse borgene oppstod som regel på 900- til 1400-talet, hovudsakleg laga av Austromarriket og familien Lusignan. Borgene St. Hilarion, Buffavento og Kantara ligg på fjelltoppar i fjellkjeda og var strategisk viktige gjennom mellomalderen.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kyrenia mountain range frå Engelsk Wikipedia.