Løkta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løkta er ei øy i Dønna kommune i Nordland. Øya er på 17 km2 og ligg ved utlaupet av Ranafjorden. Utgraviningar viser meir enn 5000 år gamle busetjingar på øya.
Viktige næringsvegar er jordbruk og fiske. Det er ferjesamband til Dønna og til Sandnessjøen og snøggbåtsamband til Nesna.