Ferje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Ferje er ei nemning på ein båt eller eit skip som fraktar passasjerar over avgrensa avstandar. Ei ferje har gjerne óg rom for å ta med køyretya til passasjerane. Gjerne skjer ferjetrafikken etter fastsette ruter, slik at det vert rutetrafikk. Ei bilferje er spesialbygd for å ta med bilar.
Ordet "ferje" kjem av norrønt "ferja". Å ro ferja tydde å ro folk eit kort stykke. På bokmål nyttar ein nokre gonger nemninga "ferge", etter dansk "færge".
Ferjetrafikk er viktig for mange kystbuarar. Kostnaden for ferjetrafikk er ofte lågare enn å byggja ei bru eller ein undersjøisk tunnel. Trass i lågare kostnad vert ferjetrafikken mange stader lagt ned. Ferjeulykker, vêret, driftsproblem og streik gjer at dei som avheng av ferje ofte ynskjer landfast samferdsel. Ei bru eller ein tunnel gjev også folk større fridom til å reisa når dei ynskjer. Særleg gjeld dette når bilismen er på frammarsj.
I 1999 vart det frakta 46 millionar passasjerar i Noreg via 336 ferjer. Av dei var det 37 millionar på bilferjer. Det var ein nedgang på nesten 13 % frå 1990. [1]. Det ferjesambandet kor det vert frakta flest passasjerer er på A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap si rute mellom Nesoddtangen og Aker Brygge. Her vert det årleg frakta 2,3 millionar passasjerar.
Ei passasjerferje for passasjerar til fots er ofte kalla ein "vassbuss" eller "vassdrosje". Døme på dette finn ein i Venezia i Italia. Norske døme på slik ferjetrafikk finn ein i området kring Bergen. Frå mellomalderen og fram til 1930-åra gjekk mykje av trafikken i Bergen over vatn. Trafikken vart utført av såkalla fløttmenn eller fergemenn.
[endre] Kulturell og symbolsk tyding
Ferjetrafikk har hatt stor kulturell tyding. På ferjene har folk kome saman og laga til eigne sosiale rom. Romanen "Kjærleikens ferjereiser" av Edvard Hoem skildrar noko av kulturen knytt til ferjene på vestkysten av Noreg.
Symbolsk kan ei ferje eller ferjereis tyda "overgang i livet" eller generell overgang eller endring, ein vert ferja inn i eit nytt tilvere. Urtypen av ferjemannen finn ein i gresk mytologi. Ferjemannen Karon (eller Charon) ferjer folk over grenseelva Akheron, inn i dødsriket.