Lambayeque-regionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lambayeque (spansk Región Lambayeque, quechua Lanpalliqi suyu) er ein region i det nordvestlige Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Piura-regionen i nord, mot Cajamarca-regionen i søraust, og Libertad-regionen i sør. Folkesetnaden var 1 008 505 i 1996, arealet er 14 213 km2. Hovudstaden er Chiclayo.
[endre] Historie
Etter legenda kom framande flåtar og la til i San José-bukta. Ein prosesjon av krigarar leidd av ein mann med stort mot og talent, Naylamp, grunnla ein sivilisasjon. Desse reknas å være grunnleggjarane av den store Chimú-sivilisasjonen. Men før det var delar av regionen påverka av Moche-kulturen.
Regionen har eit vidt dalføre kalla Lambayeque-dalen. Fleire arkeologiske stader vitnar om utvikling av kjente sivilisasjonar som Moche og Chimú. Mange reknar òg Lambayeque som ein distinkt kultur etter Moche-periodens slutt fram til området vart erobra av Chimu-sivilisasjonen (700-1350). Lambayeque-kulturen er òg kjent som Sicán. Kjente arkeologiske stader er Túcume, Pampa Grande, Batán Grande og Sipán. Dei ligg ikkje langt frå Chiclayo.
Fram til ca 700-750 e.Kr. var dalen dominert av Moche som har late etter seg pottemakarkunst, gull- og sølvprodukt. Mot slutten av denne tida var Pampa Grande det viktige sentrum. Batán Grande sin mektige periode var 900-1100. Staden har vore prega av plyndring heilt fram til 1900-talet, somme meiner at det meste av gullet ein finn rundt i musea i Peru kjem nettopp herifrå. Ca år 1100 brann ein viktig pyramide og Batán Grande blei forlate. Det gav rom for sivilisasjonen i Túcume som hadde sin store periode frå ca 1000 til 1300. Túcume vart erobra av Chimú i 1350 som dominerte fram til 1470 då heile Chimú-riket med Lambayeque vart teken av inkaene.
Erobringa av Lambayeque føregjekk i nesten 4 tiår, både Pachacútec, Túpac Yupanqui og Huayna Cápac var blanda inn.
Francisco Pizarro kryssa regionen på veg mot Cajamarca. Han var forbausa over det han fekk sjå av gull i vasar og reiskapar.
I kolonitida starta ei rivalisering mellom folk i byane Lambayeque og Santiago de Miraflores de Saña. Årsaka til konflikten var velstanden i Saña. Ein flod i 1720 utsletta den blomstrande byen Saña. I striden for emansipasjon og sjølvstende frå Spania følgde Lambayeque leiaren Juan Manuel Iturregui.
![]() |
Peruanske regionar | ![]() |
Amazonas | Ancash | Apurímac | Arequipa | Ayacucho | Cajamarca | Callao | Cuzco | Huancavelica | Huánuco | Ica | Junín | La Libertad | Lambayeque | Lima metropol |Lima | Loreto | Madre de Dios | Moquequa | Pasco | Piura | Puno | San Martín | Tacna | Tumbes | Ucayali |