Lapp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lappar er kan henda det same som sveler. Dette er eit sokalla mysterium. Somme hevdar at lappane har mindre omkrins og er tjukkare enn svelene, andre meiner det finst nokre småe skilnader i ingrediensane, medan atter andre meiner lappar og sveler er nett det same.
Det er fleire måtar å laga lappar. Somme oppskrifter går i generasjonar, og er trygt bevarte innan slekta. Eit døme er Høineslappar som vert laga av mjøl, sukker, natron, surmjølk, smør og egg. Forhaldet mellom ingrediensane avgjer kor tynne eller tjukke lappane skal verta. Ein lyt mest berre prøva seg fram.