Sukker
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sukker er karbohydrat. Dei er søte og energirike, og er eit viktig drivstoff i livsprosessane. I daglegtale vert ordet for det meste brukt om sukrose.
Innhaldsliste |
[endre] Sukker i kjemien
Sukker er eit fellesnamn på monosakkarid og disakkarid. Monosakkarida fruktose (fruktsukker), glukose (druesukker), og disakkarida sukrose, maltose og laktose (mjølkesukker) er vanlege sukker.
Sukker inneheld aldehydgrupper eller ketongrupper.
Deoksyribose, som er ein viktig del av DNA-molekylet er óg eit sukker.
[endre] Sukker i matlaging
Sukker vert brukt i matlaging for å gje søt smak til mat. Brus og sjokolade er matvarer som ofte inneheld mykje sukker.
Sukrose til bruk i mat vert seld som farin, melis, perlesukker og sukkerbitar. I tillegg kan ein få kjøpt druesukker og fruktsukker.
[endre] Produksjon
Sukker kan utvinnast frå plantar som sukkerrør og sukkerroe.
[endre] Sjå òg
- monosakkarid
- disakkarid