Lars S. Vikør
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars S. Vikør (f. 30. april 1946) er professor i nordisk språkvitskap, særleg nynorsk leksikografi, ved Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo, og har det faglege ansvaret for manuskripta til Norsk Ordbok.
Vikør har skrive bøker og artiklar om språkplanlegging, språkpolitikk, språknormering, leksikografi og moderne språkhistorie. Han har òg engasjert seg for samnorsk-saka gjennom Landslaget for språklig samling. Vikør har vore representant i Norsk språkråd.