Universitetet i Oslo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Latinsk namn | Universitas Osloensis |
Grunnlagt | 1811 |
Type | Offentleg universitet |
Rektor | Geir Ellingsrud |
Stad | Oslo |
Studentar | 32 000 |
Tilsette | 870 |
Medlemskap | EUA |
Nettstad | www.uio.no |
Universitetet i Oslo (latin Universitas Osloensis) vart grunnlagt i 1811 som Det Kgl. Frederiks Universitet (latin Universitas Regia Fredericiana). Universitetet vart kalla opp etter kong Fredrik VI av Danmark-Norge. Eit viktig førebilete var Humboldt-universitetet i Berlin. Universitetet endra offisielt namn i 1939. Universitetet har kring 32 000 studentar og er det største og eldste universitetet i Noreg. Lenge vart institusjonen berre kalla «Universitetet», sidan det var det einaste universitetet i landet. Universitetet i Bergen opna som Noreg sitt andre universitet i 1946.
[endre] Fakultet
- Det humanistiske fakultet
- Det juridiske fakultet
- Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
- Det medisinske fakultet
- Det odontologiske fakultet
- Det samfunnsvitenskapelige fakultet
- Det teologiske fakultet
- Det utdanningsvitenskapelige fakultet
[endre] Nobelprisvinnarar
Fire forskarar ved Universitetet i Oslo har motteke Nobelprisen:
- Ragnar Frisch (1895–1973) fekk i 1969 Nobels minnepris i økonomi.
- Odd Hassel (1897–1981) fekk i 1969 nobelprisen i kjemi.
- Ivar Giæver (født 1929) fekk i 1973 nobelprisen i fysikk.
- Trygve Haavelmo (1911–1999) fekk i 1989 Nobels minnepris i økonomi.