Lesse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesse | ||
|
||
Utspring | Ardennane | |
Munning | Maas | |
Tilknytta land | Belgia | |
Lengd | 89 km | |
Høgd over havet ved utspring | 480 m |
Lesse er ei elv i Ardennane i Belgia, og ei av sideelvene til Maas frå høgre.
Ho har sitt utspring nær Libramont-Chevigny i den belgiske provinsen Luxembourg. Lesse renn stort sett nordvestover, og nær Han-sur-Lesse går heile elva under bakken og gjennom nokre kalksteinsgrotter. Mange av grottene langs breidda av Lesse er viktige arkeologiske stader, og desse inkluderar Trou de Chaleux (av Cirque de Chaleux), og Trou des Nutons og Trou du Frontal ved Furfooz. Lesse munnar ut i elva Maas ved landsbyen Anseremme i kommunen Dinant. Landsbyar langs Lesse er Daverdisse, Han-sur-Lesse, Houyet og Anseremme.