Lost
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lost er ein amerikansk TV-serie om ei gruppe menneske som har overlevd eit flyhavari på ei (tilsynelatande) aude øy i Stillehavet. Serien er laga av J.J. Abrams og produsert av Bad Robot Production og Touchstone Television. I USA blir han sendt av TV-kanalen ABC, i Noreg blir han sendt av TVNorge.
I kvar episode av TV-serien får ein eit tilbakeblikk på livet til ein av personene, som følgjeleg er hovudpersonen i episoden.
Den første sesongen vart i Noreg vist våren 2005. Trass i at det vanlege er at amerikanske seriar blir vist fire månader etter sesongstart i USA, starta visningane av den andre sesongen på TVNorge allereie 26. oktober 2005, berre ein dryg månad etter den amerikanske sesongstarten. Dette kjem av svært mange nedlastingar av serien over Internett.
Innhaldsliste |
[endre] Skodespelarar og rollar
Skodespelar | Rolle |
---|---|
Matthew Fox | Jack Shephard |
Evangeline Lilly | Kate Ryan |
Dominic Monaghan | Charlie Pace |
Maggie Grace | Shannon Rutherford |
Harold Perrineau Jr. | Michael Dawson |
Jorge Garcia | Hugo «Hurley» Reyes |
Josh Holloway | James «Sawyer» Ford |
Malcolm David Kelley | Walt Lloyd |
Daniel Dae Kim | Jin-Soo Kwon |
Ian Somerhalder | Boone Carlisle |
Naveen Andrews | Sayid |
Terry O'Quinn | John Locke |
Yoon-jin Kim | Sun Paik |
Emilie de Ravin | Claire Littleton |
William Mapother | Ethan Rom |
Mira Furlan | Daniel Rosseau |
[endre] Folka bak Lost
- J.J. Abrams – Skapar, produsent, regissør (pilot-episode), forfattar (pilot-episode)
- Jeffrey Lieber – Skapar, forfattar (pilot-episode)
- Damon Lindelof – Skapar, forfatter (pilot-episode)
- David Fury – Produsent, forfattar
- Paul Dini – Forfattar
- Michael Giacchino – Composer
[endre] Episodar
- Utdjupande artikkel med episodesamandrag: Episodar av Lost
[endre] Første sesong: 2004–2005
Eit fly kræsjar på ei aude øy. Den overlevande gruppa må no jobbe saman for å halde seg i live. Dei må overleve dei mystiske farane på øya, inkludert eit stort monster som går rundt i jungelen.
[endre] Andre sesong: 2005–2006
# | Tittel | Hovudperson | Først sendt i USA | Først sendt i Noreg |
---|---|---|---|---|
1 | Man of Science, Man of Faith | Jack | 21. september 2005 | 26. oktober 2005 |
2 | Adrift | Sawyer | 28. september 2005 | 26. oktober 2005 |
3 | Orientation | Locke | 5. oktober 2005 | 2. november |
4 | Lost | Hurley | 12. oktober 2005 | 9. november |
5 | ...And Found | Jin | 19. oktober 2005 | 16. november 2005 |
6 | Abandoned | Shannon | 9. november 2005 | 23. november 2005 |
7 | The Other 48 Days | Bakdelen av flyet | 16. november 2005 | 30. november 2005 |
8 | Collsion | Ana-Lucia | 23. november 2005 | 7. desember 2005 |
9 | What Kate Did | Kate | 30. november 2005 | 14. desember 2005 |