Lyse Energi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyse Energi er eit energiselskap, med hovudverksemd i Rogaland fylke. Namnet Lyse kjem truleg av Lyseelva i Lysebotn. Den 17. juni 1998 fusjonerte energiselskapa i Sør- Rogaland til Lyse Energi AS. Energiselskapa som fusjonerte var Stavanger Energi, Lyse Kraft, Ryfylke Energi, Sola Energi, Sandnes Energi, Time Energi og Maudal Kraftlag DA. I tillegg kom sal av kraft for Klepp Energi og kraftproduksjon og sal for Jæren Everk (Hå kommune). Etter kvart har Lyse Energi utvikla verksemd innan mellom anna vasskraft, naturgass, telefoni og breiband.
[endre] Nokre kraftverk
I tillegg til vasskraftverka under har Lyse eigardelar i Sira-Kvina kraftselskap og Ulla-Førre verka
- Oltedal kraftverk, i drift frå 1909
- Oltesvik kraftverk,i drift frå 1917
- Sviland kraftverk
- Hauskje kraftverk
- Hjelmeland kraftverk i Hjelmeland
- Maudal kraftverk i Maudal, i drift frå 1930
- Lysebotn kraftverk, i drift frå 1953
- Fløyrli kraftverk i Fløyrli, i drift frå 1999. Gamal kraftstasjon frå 1917
- Tjodan kraftverk
[endre] Lenkjer ut
- Historikk om Lyse Energi www.lyse.no
[endre] Litteratur
- Gjerde, Kristin Øye, Nerheim, Gunnar: Energiske linjer : Stavanger Energi gjennom 100 år : 1898-1998, Stavanger 1998.
- Gjerde, Kristin Øye, Nerheim, Gunnar og Ramskjær, Liv: "Ingen skal fryse med kraft ifra Lyse" : historien om Lyse Kraft 1947 - 1997. Sandnes 1997.
- Lorentzen, R. A. (red): Lysekraft i 25 år, Sandnes 1978.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |