Vasskraftverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit vasskraftverk er eit kraftverk som nyttar energien i rennande vatn (vasskraft) til å produsera elektrisitet. I eit vasskraftverk vert vatnet leia gjennom ein vassturbin. Turbinen er kobla til ein generator.
Vasskraftverk nyttar seg av den potensielle energien i vatn som har fordampa frå havet og falle som nedbør i fjella. Krinslaupet til vatnet vert kalla det hydrologiske krinslaupet.
Nokre vasskraftverk har vassmagasin for å lagra nedbøren. Slik er det mogleg å lagra vatn for å kunne jamna ut produksjonen av elektrisitet over periodar med vekslande nedbørsmengd. Andre kraftverk har ikkje slike magasin og er nøydde til å regulera produksjonen etter vassføringa i eit vassdrag.
Såkalla pumpekraftverk kan i tider med overskotskraft, driva elektromotorar som pumpar vatn frå vassdrag opp til vassmagasinen som ligg høgare. Slik kan ein lagra meir vatn med tanke på tider med høgt elektrisitetsforbruk og lite nedbør.
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |