Margreth Olin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margreth Olin Mykløen (f. 16. april 1970) er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.
Margreth Olin er frå Stranda på Sunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.
Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler. Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.
[endre] Verkliste
- I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall)
- Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom)
- Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim)
- Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000
- Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp)
- Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule)
[endre] Utmerkingar
Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.
[endre] Prisar
- Filmkritikarlagets pris for Onkel Reidar
- Amanda-prisen og Gullruten for beste dokumentar, Publikumsprisen ved Nordisk Panorama, Beste dokumentarfilm ved Kortfilmfestivalen i Grimstad, Humanistprisen ved Lilla Filmfestivalen i Båstad, og Oslo-prisen av Natt&Dag for Dei mjuke hendene
- Gullstolen og publikumsprisen frå filmfestivalen i Grimstad, The prize of the Museum of New Art frå Pärnu filmfestival,dokumentarprisen frå One World Human Rights Festival i Praha, i tillegg Geitprisen for Kroppen min