Universitetet i Bergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Latinsk namn | Universitas Bergensis |
Grunnlagt | 1946 (1825) |
Type | Offentleg universitet |
Rektor | Sigmund Grønmo |
Stad | Bergen |
Studentar | 17 000 |
Tilsette | 3000 |
Medlemskap | Coimbra-gruppa, EUA |
Nettstad | www.uib.no |
Universitetet i Bergen vart det andre norske universitetet, etter Universitetet i Oslo, då det vart oppretta i 1946. Det har om lag 17 000 studentar og nær 3 000 tilsette, og kan difor reknast som eit mellomstort europeisk universitet. Ved universitetet driv ein både med forsking og undervising.
Innhaldsliste |
[endre] Inndeling
Universitetet er delt inn i sju fakultet og om lag 90 institutt og fagsenter.
- Det historisk-filosofiske fakultet
- Det juridiske fakultet
- Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
- Det medisinske fakultet
- Det odontologiske fakultet
- Det psykologiske fakultet
- Det samfunnsvitenskapelige fakultet
[endre] Historie
Universitetet i Bergen vart oppretta ved stortingsvedtak den 9. april 1946. Dei akademiske røtene i byen går likevel djupare. Bergens Museum, som vart grunnlagt i 1825, hadde allereie lenge drive med undervising og forsking.
[endre] Bygningar
UiB er eit byuniversitet med dei fleste bygningane sine spreidde rundt på Nygårdshøyden nær Bergen sentrum. Undervisingsbygga for helsefag ligg på Årstadvollen, nær Haukeland og Haraldsplass universitetssjukehus.