Matti Aikio
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matti Aikio, eig. Mathis Isaksen, (18. februar 1872–25. juli 1929), fødd og død i Karasjok, var den første samiske forfattaren i Noreg.
Matti Aikio vart fødd som sonen av ein lærar. Han studerte m.a. pedagogikk i Trondheim, og arbeidde som lærar mellom 1896 og 1906 i Finnmark og Sør-Noreg.
Aikio lærte seg norsk først i 1890, som 18-åring. Romanane og dramaa sine skreiv han på norsk. Han gjev eit nøyaktig bilete av den harde kvardagen til den samiske minoriteten, og kampen dei fører for eigen identitet og sjølvstende.
[endre] Bibliografi
- Bygden paa elvenesset (1929)
- Ginunga-gap (1907)
- Hyrdernes kapel (1918)
- I Dyreskind (1906)
- Under blinkfyret (1918)
[endre] Kjelde
- Tysk wikipedia.