Metanolforgifting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metanolforgifting er forgifting (intoksikasjon) med alkoholen metanol. Det giftige stoffet metanol vert anten drukke i den tru at det er etanol, eller det kan også koma inn i kroppen ved innanding eller gjennom kontakt med hud.
Innhaldsliste |
[endre] Patofysiologi
Metanol er ikkje særleg giftig i seg sjølv, men når denne alkoholen kjem inn i kroppen vert han nedbroten i levra til formaldehyd og maursyre, og det er desse stoffa som er skadelege for kroppen.
[endre] Symptom på forgifting
Dei vanlegaste symptoma på forgifting med metanol er hovudverk, svimmelheit, kvalme, tåkesyn, synsfeltutfall, koordinasjonsvanskar, forvirring; i alvorlege tilfelle etterfølgt av medvitsløyse og død.
Giftverknaden kjem først frå nokre timar til fleire døgn etter inntaket, så det er viktig å få forgiftningstilfelle til lækjar og sjukehus snøggast råd. Den letale (dødelege) dosen ligg på ca. 100 – 125 ml.
[endre] Behandling
- Etanol Ein av behandlingsmetodane er å gje pasienten etanol i rikelege mengder. Levra må då òg bryta ned etanol, slik at nedbrytinga av metanol går saktare, og konsentrasjonen av dei giftige nedbrytingsstoffa held seg lågare. Meir av metanolen vert også utskild gjennom nyrene på denne måten.
- Fomepizol Eit anna stoff, fomepizol (C4H6N2), vert også bruka. Det reduserer omdanninga av metanol til maursyre i levra.
Begge desse stoffa verkar ved å redusera verknaden av enzymet alkohol dehydrogenase.
Handsaming av metanolforgifting er ein medisinsk naudstilstand.
Hausten 2002 skjedde det ei rekkje dødsfall i Noreg (Østfold) som følgje av metanolinntak.
[endre] Sjå òg
[endre] Lenkjer ut
- Artikkel om metanolforgiftingane i 2002 i Tidsskrift for Den norske lægeforening
- Nye retningslinjer ved metanolforgifting frå Tidsskrift for Den norske lægeforening 2005
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |