Mjosundet Båt og Hydraulikk AS
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjosundet Båt og Hydraulikk AS er eit skipsverft i Mjosundet på Ertvågsøya. Førtaket vart stifta i 1926 og driv i mange år med bygging av små trebåtar. Seinare vart det byggd større båtar og i dag er produksjonen konsentrert pm aluminiumsbåtar òg hydraulisk dekksutstyr. Andre produkt er sidepropellar og frekvensstyrte rulledempingstankar. Føretaket leverer ein stor del av produksjonen til fiskeføåten, men har òg levert til sjøforsvaret. Dei 9 mineryddingsfartøya som vart bygd ved Kværner Mandal, til dømes, er utstyrte med hydraulisk dekksutstyr frå Mjosundet Båt og Hydraulikk.