Sjøforsvaret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjøforsvaret i Noreg er i dag organisert i avdelingane Kysteskadren, Kystvakta og Sjøforsvaret sine skular. I tillegg kjem Saniteten i Sjøforsvaret og prestetenesta.
Kysteskadren inneheld alle KNM-fartøya og er inndelt i Overflateflotiljen, Undervannsbåtflotiljen, Kyststridsflotiljen, Minekrigsflotiljen og Saniteten i Sjøforsvaret. Kysteskadren har ansvaret for styrkeproduksjon av operative einingar i Sjøforsvaret.
Kystvakta er delt inn i Kystvaktskvadron Nord og Kystvaktskvadron Sør . Primæroppgåva til Kystvakta er å hevde norsk suverenitet og suverene rettar i havområde under norsk jurisdiksjon.
Sjøforsvaret sine skular er delt inn i avdelingane Sjøkrigsskulen, KNM Harald Hårfagre, KNM Tordenskjold og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret er under omlegging, som resten av forsvaret. I 1989 hadde Sjøforsvaret 90 krigsfarty. Dette talet er 23 i dag.
Sjøforsvaret skal i framtida utgjere fem fregattar, seks undervassbåtar, seks MTB-ar og seks mineryddingsfarty. I tillegg er det ein kystjegerkommando, ein marinejegerkommando, ein minedykkerkommando og ei leiing. Strukturen er bestemt av Stortinget, mykje med tanke på Noreg si rolle i internasjonale operasjonar.