Moldau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moldau | ||
|
||
Utspring | Černý potok ved Černá hora i Böhmerwald | |
Munning | Elbe ved Mělník | |
Tilknytta land | Tsjekkia | |
Lengd | 430 km | |
Høgd over havet ved utspring | 1 172 m | |
Høgd over havet ved munning | 155 m | |
Middelvassføring | 149,9 m³/s ved munningen | |
Nedslagsfelt | 28 090 km² | |
Sideelvar | Otava, Berounka, Lužnice, Sázava | |
Renn gjennom | Praha |
Moldau (tsjekkisk Vltava) er den lengste elva i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Böhmerwald, renn gjennom Český Krumlov, České Budějovice og Praha, før ho renn i hop med Elbe ved Mělník. Lengda hennar er 430 km, og ho har eit nedslagsfelt på 28 090 km². Moldau fører med seg meir vatn enn Elbe då dei renn i hop, men fordi ho møter Elbe i ein rett vinkel, ser ho ut som ei sideelv, og elva heiter framleis Elbe vidare frå dette punktet.
Fleire demningar vart bygd på elva på 1950-talet, og den største er Lipnodemningen i Böhmerwald. I august 2002 førte flaum i Moldau til at fleire menneske omkom og store øydeleggjingar langs heile elveløpet.
Den mest kjende tsjekkike komponisten Bedřich Smetana si samling av seks symfoniske dikt, Má vlast (Mitt land) er kalla Moldau (eller Vltava), og skildrar elva langs heile løpet.
[endre] Etymologi
Både det tsjekkiske namnet Vltava og det tyske namnet Moldau meiner ein har sitt opphav frå det gamle skandinaviske ordet som tyder elv.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vltava frå Engelsk Wikipedia.