Motkultur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motkultur heng i norsk samanheng saman med dei historiske motsetningane mellom embetsmannsstaten og venstrerørsla under kampen for innføring av parlamentarisme og kampen for unionsoppløysing og nasjonalt sjølvstende i andre halvdel av 1800-talet og fram til 1905.
Massebasisen for den breie venstrealliansen som kjempa gjennom demokratiet og den nasjonale frigjeringa, var bøndene. Som ledd i styrkinga av bondemassane sin sjølvtillit og sjølvrespekt, vart det reist motkulturar på det språklege, religiøse og alkoholpolitiske området. Desse motkulturane slo mest gjennom på Vestlandet, og motkulturane vart derfor delvis ei motsetning mellom aust og vest, særleg mellom hovudstaden og Vestlandet.
Det er likevel skilnader mellom motkulturane og kor dei slo gjennom. Fråhaldsrørsla var til dømes like sterk i mange byar som på bygdene, og bedehuskristendommen stod sterkare langs kysten mens nynorsken (og ungdomslaga) stod sterkast i fjordbygdene. Fråhald og bedehuskristendom stod også sterkt i delar av Austlandet, som Østfold fylke, ikkje berre i vest. Nynorsken slo gjennom ikkje berre i fjord-Noreg, men òg i fjell-Noreg, inkludert dei indre dalstrøka austafjells.
Nynorsken utfordra embetsmennene sitt danske mål, lekmannsrørsla utfordra embetsmennene (prestane) sitt forkynningsmonopol, og fråhaldsrørsla utfordra embetsmennene sin alkohol-kultur. Alle desse motkulturane slo sterkast gjennom i vest.
Samanliknar ein den geografiske stemmefordelinga mellom høgre- og venstresida ved det avgjerande stortingsvalet i 1882 med stemmefordelinga mellom ja og nei til EF/EU i 1972 og 1994, ser ein klare parallellar som tyder på at motkulturane framleis har noko å seie her i landet.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |