Mycoplasma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mycoplasma er små bakteriar som manglar cellevegg. Dei vert rekna for å vera dei miste organismane som har evne til sjølvstendig vekst og utvikling. Dei finst frittlevande i jord eller dei kan leva parasittisk på dyr og planter. Dei kan føra til alvorlege sjukdommar hos folk og dyr. Mycoplasma Pneumoniae kan gje ein langvarig luftvegsinfeksjon, ofte med lungebetennelse. Infeksjonen kan behandlast med visse typar antibiotika, som til dømes Erythromycin.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |