Niedere Tauern
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niedere Tauern er ei fjellkjede i sentrale område av Austerrike og ein del av Dei sentrale Alpane. Ho ligg like aust for Hohe Tauern i delstatane Salzburg og Steiermark, frå Murtörl i vest til Schoberpasset i aust.
Fleire skisenter ligg i Niedere Tauern, inkludert Obertauern og Schladming.
Niedere Tauern markerte den austlege grensa for det samanhengande isdekke under den siste istida (Weichsel-istida). Austlege delar av gruppa var derfor utan is og var eit vikitig refugium for kiselhaldige planter.
Niedere Tauern kan vidare delast inn i Radstädter Tauern, Schladminger Tauern, Wölzer Tauern, Rottenmanner Tauern og Seckauer-alpane. Det høgaste fjellet i Niedere Tauern er Hochgolling i Schladminger Tauern med 2 863 meter.
[endre] Koordinatar
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Niedere Tauern frå Engelsk Wikipedia.