Istid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Istid er ein langvarig periode med klima med låg temperatur på jorda. Dette fører til at isdekket aukar nær polar og i fjellområde.
Glasiologar nyttar ofte uttrykket istid om ei periode der det er isdekke på båe hemisfærane, og med denne definisjonen er vi i ei istid i dag på grunn av isdekket på Grønland og Antarktis.
I det daglege språket nyttar vi oftare utrykket istid om dei periodane dei siste 5 millionar år då store delar av Eurasia og Nord-Amerika har vore dekka av is. I så fall slutta den siste istida for omlag 10 000 år sidan.
Denne artikkelen nyttar det formelle glasiologiske utrykket istid og nyttar utrykka glasial periode om dei kaldare periodane og mellomglasial om dei varmare periodane.
Det har vore mange glasiale periodar på jorda dei siste millionar år. Tidlegare var frekvensen mellom dei om lag 40 000 år men no er me inne i ein syklus der frekvensen har vore på 100 000 år. Det finst flest studiar om dei seinaste glasiale periodane. Det har vore 4 store glasiale periodar i den nyare geologiske historia.
Innhaldsliste |
[endre] Historia om istid-teorien
Det har vore kunnskap hjå folk i fjellstroka i Europa om at isbrear har vore mykje meir utbreidd i tidlegare tider. Mellom anna vitnar eit tresnitt om utbreiinga til isbreen i det sveitsiske passet Grimsel. [1]. No single person invented the idea.[2] Mellom 1825 og 1833, samla Charpentier prov til støtte for istidteorien. Og i 1836 var Louis Agassiz overtydd om teorien og han gav ut boka Étude sur les glaciers (Studiar av isbrear) i 1840. North American review. / Volume 145, Issue 368, July 1887
På dette tidlege tidspunktet studerte ein glasiale periodar dei seinaste hundre tusen åra i noverande istid. Eldgamle istider var det enno ikkje nokon kunnskap om.
[endre] Prov for istid
Det er tre hovudprov for istid: geologiske, kjemiske og paleontologiske.
Geologiske prov består mellom anna av utvaskingar og riper i fjell, Isbre morenar drumliner, profilar på dalar, avsetning av masse og vandreblokkar. Vedvarande isbrear har ein tendens til å forstyrre og viske ut geologiske prov og gjer at dei er vanskelege å tolke. Derfor tok det lang tid å kome fram til rådande teori.
Kjemiske prov består for det meste av variasjonar i isotopraten i sedimentære bergartar, kjerneprøver frå oseane sediment, og i kjerneprøver får dagens isbrear.
Dei paleontologiske prova består av historiske fordelingar av fossile funn. I glasiale periodar er det funn av organismar tilpassa kalde tilhøve nærare ekvator enn i mellomglasiale periodar.
Det er vanskeleg å forske på historiske isbrear, men teorien om istider står svært sterk i vitskaplege miljø i dag.
[endre] Viktige istider
Det har vore minst fire store istider i jordas historie. Den første istida det finnes hypotesar om var frå om lag 2,7 til 2,3 milliardar år sidan (i tidleg Proterozoikum).
Den tidlegaste vel dokumenterte istida fann stad frå 800 til 600 millionar år sidan ((i tidleg kryogenisk periode). Forskarar meinar at det låg permanent sjøis svært nær ekvator i denne istida.
Ei mindre istid varte frå 460 til 430 millionar år sidan (i sein ordovicium periode).
I perioden frå 350 til 260 millionar år sidan var det utvida isdekke rundt polane.
Den noverande istid byrja for 40 millionar år sidan. Byrjinga var vekst av eit isdekke i Antarktis. Istida vart forsterka for om lag 3 millionar år sidan då isdekket breidde seg over den nordlege hemisfære. I tida etter har det vore syklar med glasiale periodar der isdekket har trokke seg fram og attende med ein frekvens på mellom 40 000 og 100 000 år. Den siste glasiale perioden enda for om lag 10 000 år sidan. Den noverande mellomglasiale perioden er forventa å vare i 50 000 år framover.
[endre] Årsakar til istid
Det er semje om at det er fleire årsakar til klimavariasjonar som fører til variasjonar i utbreiinga av isdekket.
Dei viktigaste er:
- Endringar i atmosfæren. Det mest relevante er endringar i drivhuseffekten.
- Posisjonen til kontinenta. Plassering av kontinenta kan stoppe drifta av varmt vatn frå områda nær ekvator til polane.
- Vinkelbanen jorda har mot sola. Når vinkelen er rett vert ikkje somrane nær polane varme nok til å smelte isen frå vinteren.
- Variasjonar i energien sola sender ut. Det er sykluser med sterk grad av solflekkar som reduserer energimengden jorda får frå sola.
- Vukansk aktivitet kan føre store mengder med partiklar i atmosfæren som avkjøler jorda.
[endre] Nylege glasiale og mellomglasiale periodar
Tabellen under seier kor langt sør isdekket har vore i nylege glasiale periodar. Stadnamn før '/' er nordamerikanske, namn etter er nordeuropeiske.
Wisconsin- / Würm- / Weichsel-istiden | glasial (seinaste) | 15 000 fvt – 70 000 fvt |
Eem-mellomglasiale æra | mellomglasial | 70 000 fvt – 130 000 fvt |
Illinois- / Riss- / Saale-istiden | glasial | 130 000 fvt – 180.000 fvt |
Yarmouth- / Holsten-mellemistiden | mellomglasial | 180 000 fvt – 230 000 fvt |
Kansas- / Mindel- / Elster-istiden | glasial | 230 000 fvt – 300 000 fvt |
Cromer-mellomglasiale æra | mellomglasial | 300 000 fvt – 330 000 fvt |
Nebraskan / Elbe / Günz-istiden | glasial | 330 000 fvt – 470 000 fvt |
Waalian mellomglasiale æra | mellomglasial | 470 000 fvt – 540 000 fvt |
Donau II istiden | glasial | 540 000 fvt – 550 000 fvt |
Tiglian mellomglasiale æra | mellomglasial | 550 000 fvt – 585 000 fvt |
Donau I istiden | glasial | 585 000 fvt – 600 000 fvt |
Pastonian mellomglasiale æra | mellomglasial | 600 000 fvt – 800 000 fvt |
Pre-Pastonian istida | glasial | 800 – 1,3 mill. |
Bramertonian mellomglasiale æra | mellomglasial | 1,3 mill. – 1,55 mill. |
- ↑ Imbrie, John and Katherine Palmer Imbrie. Ice Ages: Solving the Mystery. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1979, 1986 (reprint). ISBN 0-89490-020-X; ISBN 0-89490-015-3; ISBN 0-674-44075-7. p. 25
- ↑ Mal:Cite web
-->
[endre] Bakgrunnsstoff
- Cracking the Istid from PBS
- http://www.globalchange.umich.edu/globalchange1/current/lectures/samson/climate_patterns/
Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.
Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |