Noman Mubashir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noman Mubashir (f. 13. juni 1974) er ein norsk-pakistansk journalist i NRK. Han byrja karrieren sin som programleiar for Migrapolis på NRK og heldt etterkvart fram som nyheitsanker for Østlandssendingen, òg NRK. Han har gjeve ut to bøker. Hans fyrste utgjeving var 'Mitt liv som Ola Noman', der han fortel på eit humoristisk vis om korleis det var å vekse opp som barn av pakistanske innvandrarar på Lørenskog. Den andre boka hans var 'En Noman i Pakistan' som er reisebrev frå Pakistan i same serie som NRK-serien med same namn. Mubashir var den fyrste norske muslimen som nokon gong har leidd laurdagsunderhaldninga i NRK i Sommeråpent 30. juli 2005. Har sidan arbeidd som reporter for Frokost-TV og er snart aktuell i eit matprogram. Våren 2006 var han skodespelar i framsyninga 'Fruen fra det Indiske Hav' på Centralteatret.
Mubashir har arbeidd for å auke aksepten for muslimar i Noreg.