Diskusjon:Nordgermanske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Er romani eit germansk språk? stykkjet 27. juni 2006 kl. 21:06 (UTC)
- Ja — grammatikken i romani (og enda meir i rodi) er mesta 100 % skandinavisk, og mykje av ordskatten er norsk, ved sida av ord frå indiske språk, armensk, gresk, slaviske språk, engelsk, samisk, finsk, jiddisch, hebraisk og så vidare. Sjå artikkelen romani rakripa. Romanés er derimot eit indoiransk språk. -- Olve 27. juni 2006 kl. 21:24 (UTC)
-
- Godt å stadig lære noko nytt. Skulle sjølvsagt sjekka før eg spurte. stykkjet 27. juni 2006 kl. 21:45 (UTC)
-
-
- Kan no vel ikkje hugse på alt heller... :) Her har du elles ei side med eit fint gijipa (song) som viser i praksis noko av den mellomstillinga romani står i. -- Olve 27. juni 2006 kl. 22:17 (UTC)
-
[endre] Fletting & omdirigering?
Er det grunnlag for å flette denne artikkelen med nordiske språk? Begge artiklane seier nordiske språk og nordgermanske språk er det same, men opplistingane av desse språka er ikkje heilt lik i artiklane. Viss desse to omgrepa har litt ulikt innhald bør det kome tydlegare fram i artiklane kva ulikskapen går ut på. --Jorunn 22:42, 23 november 2006 (CET)
- Flett. :-) Olve 15:16, 24 november 2006 (CET)
No har eg fletta, det vil seie lagt jamska inn i lista over språka, og omdirigert Nordiske språk til Nordgermanske språk. No er det nemnd tre språk i oppramsinga av språka som ikkje står i navigeringsboksen, dalmål, gotlandsk og jamska. Om desse er eigne språk eller dialektar vert vel diskutert, det gjeld nok også andre som t.d. älvdalsmål? Dette kunne godt vorte drøfta og forklart i artikkelen. Eg (som ulærd i emnet) tykkjer det er mykje rart i dei tilsvarande artiklane på andre Wikipediar...her er språkvitskapskunnige folk som heilt sikkert kan få til ein betre artikkel om emnet. --Jorunn 23:06, 24 november 2006 (CET)