Romani rakripa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romani (Romani rakripa) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Austnordisk Romani rakripa |
|
Bruk | ||
Tala i: | Sverige, Noreg | |
Område: | Austlandet, Trøndelag, heile Sverige | |
Romanitalande i alt: | 31 000 | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Romanifolk | |
Normert av: | ||
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | ||
ISO 639-2: | ||
SIL | RMU |
|
Romani rakripa eller romani, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fikk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige.
[endre] Ordtilfang
Norsk | Romani | Opphavsspråk |
ein | jikk | ek (hindi) |
to | dy | do (hindi) |
tre | trin | tīn (hindi) |
fire | sjtar | cār (hindi) |
fem | parnsj | pāṃc (hindi) |
seks | sinkus | ? |
sju | efta | häft (farsi) el. epta (gresk) |
åtte | okta | okhto (gresk) |
ni | enja | ennea (gresk) |
ti | desch, dyparnsj |
das (hindi) do (hindi)+ pāṃc (hindi) |
stor | baro | baṛā (hindi) |
hest | kuro | ghoṛā (hindi) |
vatn | pani | pāṇī (hindi) |
mykje | butt | bahut (hindi) |
Gud | Devel | dev (hindi) |
Gud | Adonai | Adonáj (hebraisk) |
flott, stolt | buno | buono (italiensk) |
bok | libri | libre (fransk) |
kvit | blank | blanc (fransk) |
åleine | alonom | alone (engelsk) |
gata | stråtan | straat (nederlandsk) |
vegg | vanta | Wand (tysk) |
elv | flussa | Fluß (tysk) |
jord | pu | puu (finsk) |
vente | bidra | bide (skandinavisk) |
Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i Pakistan og det nordvestlege India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romani.
Mange ord som er innlånte frå skandinavisk er omforma med suffiks som -(d)ra, -us, -is og liknande.
[endre] Grammatikk
Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type.
[endre] Morfologi
[endre] Substantiv
Ubunde eintal |
Bunde eintal |
Ubunde fleirtal |
Bunde fleirtal |
divus (‘dag’) | divusen | divusar | divusane |
bakro (‘sau’; ‘bekre, vêr’) | bakroen | bakroar | bakroane |
Substantiva i romani tek vanlegvis -(a/e)r i ubunde fleirtal, og dei har etterhengd bunden artikkel som i dei fleste nordgermanske språka og målføra. Endingsvokalen i ubunden form blir halden i bøygde former. Typiske endingsvokalar er hankjønnsendinga -o og hokjønnsendinga -i.
Avleiingsendingar inkluderer -ipa (rakra = ‘tala’, rakripa = ‘språk’, ‘tale’; nak = nase, nakkipa = ‘snus’) og -ar (tradra = ‘reise’, tradrar = ‘bil’).
[endre] Verb
Inf. | Pres. | Pret. | Perf. |
dikka (‘sjå’) | dikkar | dikka | kammar dikka |
gia (‘syngje’) | giar | gia | kammar gia |
ja (‘gå’) | jar | jadde | kammar jadd |
Verba har oftast a-infinitiv på romani. Dei fleste verba blir bøygde som nynorsk kasta. Einstavingsverb blir oftast bøygde omlag som nynorsk ha. Perfektum blir oftast danna med hjelpeverbet kamma (ha). Mange verb, inkludert ord frå germanske språk, har suffikset -(d)ra: bidra (vent), bodra (bu), dindra (tena), dragra (draga, reise).
[endre] Syntaks
Den grunnleggjande setningsbygnaden i romani er stort sett av SVO-type (Subjekt-Verb-Objekt): Vorsnus rakrar romani (SVO) svarar ordrett til «Vi talar romani». Ved tilføying av adverb først i setninga får vi, som i all skandinavisk, reverseringa SV > VS: Ninna rakrar vorsnus romani (AVSO) «No talar vi romani.»
[endre] Litteratur
- Hancock, Ian: «The Social and Linguistic Development of Scandoromani», i Language Contact: Theoretical and Empirical Studies. Berlin: Mouton de Gruyter, 1992.
- Hyltenstam, Kenneth (red.): Sveriges sju inhemska språk : ett minoritetsspråksperspektiv. Lund (Studentlitteratur), ca 1999. (366 s. : ill.) ISBN 91-44-00777-9 (hf.) [1]
- Iversen, Ragnvald: The Romany language in Norway. (Skrifter / utgitt av det Norske videnskapsakademi i Oslo. II. Historisk-filosofisk klasse ; 1944:3 1) 1944. (275 s.)
- Karlsen, Hermann: Romani-norsk ordbok. Fredrikstad (Stiftelsen Roma), 2000. (90 s.; ill.) [2]
- Karlsen, Hermann: Vandriar : et enkelt innføringskurs i romani : ved undervisning, skriftlig og på CD. Fredriksstad (Stiftelsen Roma), 2001. Hefte (28 s.) + CD. [3]
- Karlsen, Ludvig [...] et.al.: Romani-folkets ordbok : Tavringens rakripa = de reisendes språk. 1993. ISBN 82-992363-1-2. [4]
- Mac Mathúna, Séamus & Ó Corráin, Ailbhe (red.): Minority languages in Scandinavia, Britain and Ireland. (Studia Celtica Upsaliensia ; 3) Uppsala (University of Uppsala); Stockholm (Almqvist & Wiksell International), 1998. (220 s. : ill.) ISBN 91-554-4111-4 (hf.) [5]
- Sveriges officiella minoritetsspråk : finska, meänkieli, samiska, romani, jiddisch och teckenspråk : en kort presentation. (Skrifter utgivna av Svenska språknämnden ; 86) Stockholm (Norstedt), 2003. (76 s. : ill.) ISBN 91-7297-611-x (hf.) [6]
[endre] Sjå òg
[endre] Eksterne lenkjer
- Utdrag frå Tavringens rakripa : romanifolkets ordbok av Ludvig Karlsen
- Norske nyheter på romani rakripa (Pre Drommen te Romani-Manuset)
- «Ethnologue Report: Romani, Tavringer : a language of Sweden»
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |