Diskusjon:Norske dialektar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Her står norsk, svensk og dansk omtala som «alle dei nordiske språka». Eg reknar med at det er meint at norsk, dansk og svensk kan sjåast som eit språk, ikkje at alle dei nordiske språka kan reknast som eit språk? --Jorunn 23:45, 24 november 2006 (CET)
- Eg er ikkje samd i at romsdalsk tilhøyrer dei trøndske målføra. Romsdalsk er vestnorsk, og har e-infinitiv i alle verb. Samtidig er det eit grensemål mellom vest- og austnorsk, har hatt mykje samband både med Nordmøre som er trøndsk i målet, og med Oppland via sjølve Romsdalen. Dette viser att i tjukk l for l i somme høve, men ikkje for rd. Men på grunn av infinitiven - som er hovudskiljet mellom aust- og vestnorsk, tilhøyrer romsdalsk vestnorsk. Bolken "Trøndsk" må derfor endrast. --Erling 08:56, 12 januar 2007 (CET)
-
- Er "troillan" eller "husan" rekna som ei a-ending, sjølv om ho uttalast -an? Viss ikkje må det òg endrast. --Tannkrem 10:49, 12 januar 2007 (CET)